Alpakkaull

Alpakka til folket!

heim | om oss | kva er alpakka | alpakka til salgsNorsk Alpakka på facebook

sample header image

Alpakkafakta

Alpakka er vakre, rolege og iakttakande dyr. Dei er ikkje særs kontaktsøkande ovanfor mennesker, men dei er heller ikkje redde. Alpakka er ein slektning av lama og kamel, men er noko mindre enn lamaen. På verdsbasis er det omkring 3 millionar alpakka. Det finns to typar alpakka. Den eine, suri-alpakka, utgjer omtrent 4-5% av alle alpakka i verda. Den andre typen heiter huacaya, og det er denne typen me har på "farmen" vår. Forskjellen på dei to typane er hovudsakleg at suri-alpakka har lengre fibrar som heng i løkker, medan huacaya-alpakkaen er meir "fluffy" i pelsen. Alpakkaen lever i 20-25 år og produserer ca 3 til 6 kg fiber pr år. Ho- alpakkaen vert kalla "hembras", hannen vert kalla "macho" og baby alpakka vert kalla "cria". Desse namna kjem frå det spanske språket. Alpakkaen er eit flokkdyr, som har eit strengt hirearki innad i flokken. Det er ikkje uvanleg at spytting kan forekomme når dei kranglar om sjefs plassen ved matfatet. Dei kommuniserar med kvarandre ved å lage ei rekkje forskjellige "humme" lydar. Dei er sosiale og bør derfor alltid vera to eller fleire i flokken Ho Alpakkaen er kjønnsmogen når ho er 12 til 14 månader gammal, medan hannen kan brukast til paring når han er 18 til 36 månader gammal. Hembraen går drektig i 10 til 13 månader og føder vanlegvis berre eit avkom.

 

sample content image

Alpakkaens historie

Alpakkaen kjem frå Andes fjella i Sør Amerika og har ein fascinerande historie. Den vart avla fram av Inka-indianarane for over 500 år sidan, dei brukte fiberen til klede. I gamle Inca graver har ein funne restar av klede som er fleire hundre år gamle, og av ein enda finare kvalitet enn den som blir avla no. Dette har si forklaring i då spanjolane kom til Sør-Amerika på 1600 talet. Dei såg ikkje verdien i desse unike dyra som var temma av Inca indianarane, og alpakkaen blei nesten utrydda. Det same gjaldt dei urgamle avls metodane, og dermed forsvann mykje av dei beste kvalitetane til alpakkaen. Det er først i seinare tid at noko av dette er avla fram på nytt, men det er fortsatt mykje å hente på å avle fram finare og tettare fiber. Fram til for omlag 30 år sidan fann ein alpakka kun i Chile, Peru og Bolivia. No har ein importert alpakka til ei rekkje land. USA og Australia er dei største produsentane, men ein finn også dyra i ei rekkje europeiske land. Dei første alpakkaene i Norge blei importerte frå Chile i 2004. I dag finns det omlag 200 dyr her i landet (2010).