Alpakkaull

Alpakka til folket!

heim | om oss | kva er alpakka | alpakka til salgsNorsk Alpakka på facebook

sample header image

Alpakka til salgs

Markedet for slag av livdyr er etter forholda stort, og det er lite livdyr på marknaden. Det er i det heile få alpakka i verda samanlikna med andre husdyr. Dette fører til at prisen på livdyr er forholdsvis høg. Eg pleier seie at alpakkaen er kapitalkrevjande i innkjøp, men er billege i drift! Ta kontakt for nermare informasjon.

Me har for tida tre drektige hopper til salgs. Dei skal alle ha cria til våren 2012.

Me har også kastrerte hingstar til salgs. Desse passar fint på besøksgardar eller for dei som vil prøve noko nytt og spennande på garden!

 

 

Mia er ei av våre flotteste jenter. Ho blei født hos oss 16/06-2008. Dette er ei kraftig og sterk hoppe som kan bære fram mange fine avkom og produsere mengder av fin alpakkafiber. Ho er para med avlshingsten vår Tierce og har termin 14/03 2012.

Registerskjema, Fibertest 2009, 2010 og 2011.

Mia, drektig hoppe

 

 

 

 

Dot er ei importert hoppe fra New Zealand. Ho er født 16/01/2006, og kom til oss i november 2009. Ho vart seint para i 2009 og fekk ein cria ute i sludd og regn i midten av november 2010. Denne klarte seg desverre ikkje pga den harde starten. Ho er no para med Tierce og har termin 14/03 2012.

Stamtavle, Fibertest 2010 og 2011.

Dot, drektig hoppe

 

 

 

 

Pipin er ei importert hoppe fra New Zealand. Ho er født 10/04/2006, og kom til oss i november 2009. Denne har ikkje hatt cria hos oss, men er para med Tierce og har termin 7/04 2012.

Stamtavle, Fibertest 2010 og 2011.

Pipin, drektig hoppe

 

 

 

 

 

Morten er ein kastrert hingst som vart fødd 15. juni 2008. Han er rolig og snill og går fint saman med halvbroren sin Søren. Han er registrert i avlsregisteret til Norges Alpakkaavlslag. Klikk for fibertest fra 2009, 2010 og 2011.

Morten, kastrert hingst

 

 

 

Søren er ein kastrert hingst som vart fødd 23. mai 2007. Han er også rolig og snill. Registerskjema, fibertest 2009, 2010 og 2011.

Søren, kastrert hingst