Fakta om alpakkaen

Alpakka er vakre, rolege og iakttakande dyr. Dei er ikkje særs kontaktsøkande ovanfor mennesker, men dei er heller ikkje redde.

Alpakka er ein slektning av lama og kamel, men er noko mindre enn lamaen. På verdsbasis er det omkring 3 millionar alpakka.

Det finns to typar alpakka. Den eine, suri-alpakka, utgjer omtrent 4-5% av alle alpakka i verda. Den andre typen heiter huacaya, og det er denne typen me har på «farmen» vår. Forskjellen på dei to typane er hovudsakleg at suri-alpakka har lengre fibrar som heng i løkker, medan huacaya-alpakkaen er meir «fluffy» i pelsen.

Alpakkaen lever i 20-25 år og produserer ca 3 til 6 kg fiber pr år. Ho- alpakkaen vert kalla «hembras», hannen vert kalla «macho» og baby alpakka vert kalla «cria». Desse namna kjem frå det spanske språket.

Alpakkaen er eit flokkdyr, som har eit strengt hirearki innad i flokken. Det er ikkje uvanleg at spytting kan forekomme når dei kranglar om sjefs plassen ved matfatet. Dei kommuniserar med kvarandre ved å lage ei rekkje forskjellige «humme» lydar. Dei er sosiale og bør derfor alltid vera to eller fleire i flokken Ho Alpakkaen er kjønnsmogen når ho er 12 til 14 månader gammal, medan hannen kan brukast til paring når han er 18 til 36 månader gammal. Hembraen går drektig i 10 til 13 månader og føder vanlegvis berre eit avkom.