Alpakkaull

Alpakka til folket!

heim | om oss | kva er alpakka | alpakka til salgsNorsk Alpakka på facebook

sample header image

Velkommen til vår verden!

I 2006 overtok me eit lite småbruk og starta med avl av Alpakka. Alpakka vart i all hovudsak avla på grunn av dei unike fiberkvalitetane dei har. Dei kjem opprinneleg fra Sør Amerika og våre to første hodyr var importerte fra Chile. Me har også importert åtte alpakka fra New Zealand i 2009. I 2010 fekk me eigen avlshingst, og no produserar me cria i verdensklasse!! Dei er iallefall dei finaste i Vikedal :-)

 

sample content image

Alpakkafiber

Saman med tre andre alpakkabønder starta me i 2009 eit firma for vidareforedling av alpakkafiberen vår. Gjennom Norsk Alpakka lagar me no garn og diverse produkter av vår eigenproduserte ull. Sjekk heimesida vår www.norskalpakka.no der me også har opna nettbutikk.

Produktnytt

Me har no fått designa eit knippe smakfulle garnpakkar i tillegg til våre andre produkter. Sjekk ut dei unike gaveideane i vår nettbutikk!

alpakka

Flokken aukar!

I haust har flokken vår auka til 19 alpakka. Me fekk tilsaman fem cria i haust, tre jenter og to gutar. Alle fødslane gjekk utan komplikasjonar, og alle hoppar og sprett no rundt på beite. Skikkelege sjarmtroll er dei!