|
23.november 2009:
Etter mange månadar med karantene og paring, fekk me endeleg fire av våre nye alpakkaer til gards. Sjølv om dei kom til landet januar i år, måtte dei stå sju månadar i karantene hjå Olav Reidar i Hornindal. Etter karantene var dei klare for paring, og me nytta den flotte machoen Tierce som avlshingst. No står det fire att i Hornindal som skal hentast før jul. Er du interessert i å sjå dei nyankomne, er du velkommen til det!
Våre fire nye kiwi`s saman med Kari.

Alpakkaen Jemma helser på minstejenta!
16.juni 2008:
Kari blei inspirert av gårsdagens fødsel og gav oss eit lite jente-cria! Ho hadde ei fødselsvekt på 6,1 kg. Fødselen var over på eit blunk. Sjølv om eg var ute på enga der det skjedde, gjekk det meg "hus forbi". Pluttseleg låg criaen der, og mora beita på sida av som om ingenting hadde skjedd. Så er det vel eit år til neste gang det er ventandes cria på garden. No er det klipping som står for tur, og seinare paring!

15.juni 2008:
Ja så kom endelig dagen der neste generasjon Vikedals-alpakka kom til verden! Ein gang på søndags-føremiddagen fødte Margrete ein stor fin gute-cria. Han vog 8 kg og var frisk og rask.

9.juni 2007:
Lørdag 9. juni var det igjen duka for eit nytt sommarkurs om alpakka. I år som ifjor var det Leif Inge og Bjørg Reime som var vertar. Som foredragsholderar var me så heldige å få nokon av dei mest profilerte innan alpakkaavl i verda på besøk. Cathy og Matthew Lloyd frå Australia byrja med alpakka på midten av 90 talet, og har sidan den tid opparbeida seg til å bli internasjonalt annerkjende innan avl av alpakka. Dei kunne fortelje om ei spennande næring i vekst. I tilleg er dei begge godkjende dommarar innan alpakka og gav oss mykje lærdom om både fiber, avl og ikkje minst handtering av dyra. Me vil takke både vertskap og instruktørar for nok ei inspirerande helg på Bromma. Sjå bilder >
8.juni 2007:
I forbindelse med sommarsamlinga på Bromma første helga i juni, blei foreininga "Norsk Alpakkaavlslag" stifta. Laget skal i hovudsak arbeide for at denne nye næringa i Noreg kjem godt igang. Laget skal arbeide for at norsk alpakka blir avla opp på eit internasjonalt konkuransedyktig nivå med omsyn til fiberkvalitet og fremma reinrasa alpakka-avl. For meir informasjon, kontakt lagets leiar Olav Reidar Haugen.
På same møtet presenterte Leif Inge Reime for første gang eit utkast til norsk alpakkaregister. Dette er no klart til å byrje å registrere dyra våre. Dette er eit nyttig og nødvendig verktøy når me no er igang med ein norsk alpakkaindustri.
5.juni 2007:
Idag klippte me våre to Alpakka. Dette var første gang me klippte dei, og me var spendt på korleis det ville gå. Me tok oss god tid for ikkje å stresse dyra unødig og det heile gjekk fint for seg. På fjorårets kurs på Bromma lærte me korleis me skulle klippe dyra. Den teknikken me lærte der fungerte bra. Begge dyra hadde ca 2,5 kg ull.
23.mai 2007:
Me slapp å vente så lenge på neste Cria. På onsdag fekk Margrete ein stor Cria-son! Dette skjedde utan at nokon var heime på garden. Cria guten som me har gitt namnet "Søren" var frisk og rask, og ein dag gammal, vog han 8 kg. Mødrene hjelper einannan no med "barnepassing", og det ser ut som familien fungerar bra! Sjå bilder>
11.mai 2007:
Idag kom vår første cria til verden! Det blei ei jente som me har døypt Siri. Det heile skjedde roleg og udramatisk på ettermiddagen ute på beitet. Mor (Kari) og barn blei tatt inn i hus og Siri fann etterkvart spenen og fekk sitt første måltid.
16.desember 2006:
Me fekk våre første Alpakka heim på garden tidleg på føremiddagen. Dei var då ferdige med eit seks månader lagt karantene opphald. Denne tida har dei budd i Hornindal på garden til Olav Reidar Haugen som har importert dyra fra Chile. |