Alpakkaens historie

Alpakkaen kjem frå Andes fjella i Sør Amerika og har ein fascinerande historie. Den vart avla fram av Inka-indianarane for over 500 år sidan, dei brukte fiberen til klede. I gamle Inca graver har ein funne restar av klede som er fleire hundre år gamle, og av ein enda finare kvalitet enn den som blir avla no. Dette har si forklaring i då spanjolane kom til Sør-Amerika på 1600 talet. Dei såg ikkje verdien i desse unike dyra som var temma av Inca indianarane, og alpakkaen blei nesten utrydda. Det same gjaldt dei urgamle avls metodane, og dermed forsvann mykje av dei beste kvalitetane til alpakkaen.

Det er først i seinare tid at noko av dette er avla fram på nytt, men det er fortsatt mykje å hente på å avle fram finare og tettare fiber. Fram til for omlag 30 år sidan fann ein alpakka kun i Chile, Peru og Bolivia. No har ein importert alpakka til ei rekkje land. USA og Australia er dei største produsentane, men ein finn også dyra i ei rekkje europeiske land.

Dei første alpakkaene i Norge blei importerte frå Chile i 2004. I dag finns det omlag 200 dyr her i landet (2010).